Ofte er leverandørens skytenester bygga på tredjepartars infrastruktur. Her vil tredjepartens avtalevilkår, eller tredjepartsvilkår, være bindande for kunden. Ved å vurdere innhaldet i tredjepartsvilkåra sikrar du blant anna lik handsaming av leverandørane.
Konkurransegjennomføringa for skykjøp er lik andre kjøp. Evaluering av pris og SLA er ikkje med i denne rettleiinga, men du kan finne dei på anskaffelser.no.
Evaluering av tredjepartsvilkår
Tredjepartsvilkåra er bindande for kunden og leverandøren skal dokumentere vilkåra.
Kunden må vurdere om tredjepartsvilkåra er i motstrid med eller avviker frå konkurransegrunnlaget med vedlegg. Er det avvik, er du plikta til å gjere ei konkret vurdering av om det enkelte avviket eller avvika samla sett utgjer grunn til avvising etter anskaffelsesforskriften.
I tabellen under er det sett opp eit døme:
Tredjepartsvilkår | Leverandøren sitt svar | Kunden si vurdering |
Plikter kunden må godta for å ta i bruk tenesta | ||
Ansvarsavgrensing tredjepart har teke atterhald om | ||
Situasjonar der tredjepart rettar feil | ||
Avvik frå konkurransegrunnlaget |